Leita: Politipatrulje var på staden og det vart leita etter hjorten utan resultat. Foto: Torgeir Holme

Politiet melder om endå ei hjortepåkøyring

Politiet fekk meldinga torsdag kveld.

Kl 18:12 torsdag fekk politiet melding om at ein hjort var blitt påkøyrt på Byvegen på Søfteland.

– Hjorten stakk til skogs, mogleg skadd. Det var ingen skade på person eller bil, opplyser vakthavande.

Politipatrulje var på staden og det vart leita etter hjorten utan resultat.

Viltnemnda/Ettersøksringen vart varsla og overtok oppdraget.