Lepsøykrysset: Det har vore fleire stygge ulukker i Lepsøykrysset. Torsdag observerte politiet 27 bilistar som ikkje stoppa opp ved skiltet.

Politiet observerte i underkant av 30 bilar som ikkje stansa ved stoppskiltet

— Dette er ikkje bra. Det er eit risikofylt kryss, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Det var onsdag formiddag at politiet hadde kontroll i Lepsøykrysset. Det resulterte i tolv forenkla førelegg.

— Her var det mange som var heldige. Politiet observerte i tillegg til desse tolv, femten bilistar som ikkje stoppa ved skiltet. Grunna kapasitetsproblem, fekk vi ikkje stoppa alle, fortel Lyssand og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dei som blei stoppa, fekk eit førelegg på 6.800 kroner og tre prikkar. Ein av dei tolv vedtok ikkje førelegget, og blir meldt for forholdet.

Vidare fortel Lyssand at det kan vera verdt å nemna at det i desse koronatider, ikkje er mange som er ute og reiser, og at det gjerne er fleire som er ute og køyrer bil.

— Det kan vera mange som kjeder seg, noko som kan verka inn ved at det er fleire som ikkje køyrer ordentleg. Det kan vera ei årsak til resultatet, seier ho.