Åtvaring: Politiet kjem med åtvaring til foreldre. Biletet er eit illustrasjonsfoto.

Politiet sin nettpatrulje åtvarar mot desse chattetenestene

Gjennom ulike kanalar skal politiet ha fått tips om ulike chattetenester som dei meiner er bekymringsfulle.

Brukar du eller barnet ditt Omegle eller OmeTv?

Slik startar eit innlegg på “Politiet i Bjørnafjorden og Austevoll” si Facebook-gruppe. Innlegget kjem opphavleg frå “Politiets nettpatrulje — Oslo».

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi får ofte høyra at dei unge har blitt lokka, lurt og pressa til å dela nakenbilete av seg sjølv via ulike tenester. Omegle og OmeTv er to av desse, skriv politiet.

Begge desse er anonyme chattetenester der målet er å chatta med framande. Ein kan bruka videonettprat også, skriv politiet.

— Aldersgrensa for vanleg chat er sett til 13 år på Omegle, medan videonettprat er 18 år. På OmeTv er aldersgrensa 18 år. Likevel ser vi fleire mindreårige som bruker tenestene. Tenesta krev verken brukarnamn eller passord. For eksempel oppnår dei kontakt med framande via TikTok eller Snapchat. Deretter vert samtalen flytta over til Omegle eller OmeTv, eventuelt motsett veg. Mengda av seksuelle tilnærmingar på nettsidene er høg, og Omegle åtvarar sjølv brukarane om at overgriparar brukar tenesta, skriv politiet.

Ta del i nettkvardagen

Ein vanleg framgangsmåte er at overgriparane gjev seg ut for å vere på same alder, og gjerne av motsett kjønn, som den dei snakkar med.

— Vi ser at samtalene startar veldig hyggjeleg, og er tillitsbaserte, som igjen fører til utveksling av personleg informasjon som namn, bustad, telefonnummer, skule, bilete og liknande. Overgriparane ønskjer ofte å fortsette samtalen på andre tenester, der nokon unge opplever å bli pressa og trua til å dela meir informasjon om seg sjølv, deriblant nakenbilete eller utføre seksuelle handlingar, skriv politiet.

Politiet oppmodar foreldre og føresette til å ta del i nettkvardagen til borna, og la dei få vita at det er trygt å snakka om dei opplever ubehagelege ting.

— Ein kan ofte føla skam over det ein har opplevd og blitt utsett for, og dermed halda tilbake informasjon. Ved at foreldre set seg inn i kva sosiale medium, appar, spel og nettenester som finst, og korleis dei vert nytta, kan dei bidra til å førebyggja at borna opplever ubehagelege situasjonar. Ein viser at ein engasjerer seg i borna sine interesser, som igjen styrkjer relasjonen til borna, skriv politiet.