Promillekontroll: Tysdag blei ein bilist stoppa om morgonen. Han viste seg å vera rusa, og køyrde dessutan utan gyldig førarkort.

Politiet stoppa rusa sjåfør som hadde vore på butikken for å kjøpa meir øl

Etter tips frå publikum blei ein mann i 50-åra stoppa i Eikelandsosen. Han var synleg rusa.

Tysdag morgon i 09-tida, fekk politiet tips om ein mann som truleg køyrde bil trass i at han var påverka av alkohol.

– Vi stoppa han, og han var tydeleg rusa. Inne i bilen var det øl som han nett hadde vore på butikken for å kjøpa. Mannen hadde dessutan ikkje førarkort. Bilen var det bruksforbod på, så skilta blei tekne på staden. Vedkomande er meldt for køyring i rusa tilstand og køyring utan gyldig førarkort, fortel politibetjent Anders Opsal.