Melding om sprengde postkassar: Politiet fekk fredag kveld melding om at fleire postkassar var sprengde på Halhjem.

Postkassar sprengde i fillebitar

Fredag kveld fekk politiet melding frå ein fortvila person buset på Halhjem.

– Personen som tok kontakt med oss fredag kveld, var fortvila. Postkassen skal ha blitt sprengd. Fleire andre postkassar i Mardalsrenen skal ha blitt sprengde også, fortel politioverbetjent, Atle Birkeland.

Politiet skal ikkje ha hatt kapasitet til å rykka ut då dei fekk meldinga kvart på ti fredag kveld.