Mobil: N/A

Problem med mobildekninga i Lysefjorden

Telia-kundar har klaga på manglande mobildekning i Lysefjorden dei siste dagane.

Os & Fusaposten har fått meldingar frå fleire om manglande og dårleg dekning i Lysefjorden.

Telia fortel at dei antar problema kjem av at det har kome vatn inn i to kablar. Dei melder om at det er bestilt nye kablar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kor lang tid dette vil ta, veit dei ikkje noko om enno, men vil koma tilbake med meir informasjon så snart dei veit meir.

– Me beklagar på det sterkaste dei ulempene det medfører for våre kundar i området, seier Telia.