Borte over natta: Ein bil skal natt til fredag ha blitt stolen frå Os sentrum. Illustrasjonsfoto. Foto: Kenneth Svenningsen Foto: Arkiv

Prøvde å stikka av frå stolen bil då han fekk politiet på nakken

Kort tid etter at bilen blei stolen frå Os sentrum, blei han observert i Bergen.

Klokka 09.00 laurdag fekk politiet i Os melding om at ein bil hadde blitt stolen frå Os sentrum.

Køyretøyet skal ifølgje politiet ha blitt stolen natt til fredag.

— Om lag klokka 10.30 blei køyretøyet observert i Bergen sentrum av politiet. Ein mann i 40-åra sprang frå køyretøyet, men blei raskt innhenta og teken kontroll på av politiet, fortel vakthavande betjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor.