Snø: Slik såg det ut på Svegatjørn under det gule farevarselet tysdag ettermiddag.

Raudt farevarsel for Fusa-sida. Gult for alle.

— Det blir den der forferdelege sørpegreia igjen, sukkar meteorologen.

Det er sendt ut gult farevarsel for snø frå torsdag ettermiddag/kveld for heile Vestland og delar av Rogaland.

— Det kan bli vanskelege køyreforhold heim frå jobb torsdag, seier vakthavande meteorolog Susanne Reuder.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 13-tida torsdag treffer eit lågtrykk frå sørvest. Dei neste 12 timane er det venta 10-15 cm snø.

Snø: — Folk må bu seg og vera klare til å måka, seier meteorolog Susanne Reuder.

Reuder fortel at snøgrensa no er ganske låg, men natt til fredag vil lågtrykket flytta seg nordaustover, temperaturane stig og snøen vil gå over til regn.

— Då får vi den der sørpegreia. Det blir heilt forferdeleg over alt, sukkar ho.

I tillegg skal det blåsa friskt. Sjølv om vinden treffer hardast i ytre strok av Rogaland og indre strok av Hordaland, kan det bli opp mot stiv kuling i periodar torsdag ettermiddag/kveld.

Ytst på kysten kan det bli stiv til sterk kuling/ evnt liten storm natt til fredag.

— Folk må bu seg på snø og gjera seg klare til å måka, seier Reuder.

Sjølv er ho kalla inn på jobb ved Meteorologisk Institutt som ekstravakt for å ta unna arbeidet.

— Det har vore mykje vêr i det siste, ler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snøskred

Frå torsdag til fredag aukar dessutan farenivået for snøskred frå oransje til raudt kva gjeld Fusa-sida av kommunen.

I praksis betyr det at det er «stor snøskredfare», og ferdsel i skredterreng vert frårådd.

Våt snø gir risiko får laussnøskred og/eller flakskred. Det er og fare for at skred kan treffa skredutsette vegar og bygningar.

I fylgje varsom.no kan skred no bli store nok til at dei øydelegg fleire hus, eller begraver og tek livet av deg.