Regjeringa innfører mellombels forbod mot at folk kan opphalde seg på hytta i ein annan kommune enn heimkommunen.

Regjeringa forbyr opphald på hytte utanfor heimkommunen

Helseminister Bent Høie (H) forbyr opphald på hytte utanfor heimkommunen. Det blir ingen dispensasjonsmoglegheiter.

Det blir gjort nokre unntak, mellom anna for familiar der éin familiemedlem er stadfesta smitta, men ikkje dei andre.

Då kan resten av familien vera på hytta slik at ein unngår at dei òg blir smitta, medan den som er sjuk må vera heime, opplyste statsråden på ein pressekonferanse torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då vil ein forhindra at friske familiemedlemer blir smitta ved å bruka same bad og kjøkken, til dømes, seier Høie.

Ein kan bli bøtelagt dersom ein bryt forbodet.

Sender ikkje ut politiet

– Mange spør seg no: Skal vi senda politiet på jakt etter hyttefolk? Det skal vi ikkje. Det er jo slik at dei fleste i Noreg er lovlydige, og derfor trur vi at eit forbod vil bli følgt av dei aller, aller fleste, seier justisminister Monica Mæland (H).

Høie, Mæland og også statsminister Erna Solberg (H) har dei siste dagane gjenteke i sterke ordelag beskjeden om at hytteturistar må reise heim.

Etter å ha forhøyrt seg med fylkesmennene, vedtok Høie torsdag å innføre eit forbod. Sju av ti fylkesmenn bad om at forskrifta måtte innførast.

Omsyn til kapasitet i helsetenesta

Mange har dei siste dagane bede hyttekommunen om dispensasjon. Vanlege argument er at ein er mindre utsett for smitte på hytta enn heime, men helseministeren avviser at ein kan leggja vekt på dette.

– Det handlar ikkje om det. Det handlar om omsynet til små kommunar som har mange fritidseigedommar. Dei har ikkje kapasitet til å ta seg av sjuke hyttefolk, seier han.

Forbodet vil vere i lovs form, slik at det ikkje blir nokon moglegheiter for dispensasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lova er det nemnd unnatak. Her står det at dei som er i karantene fordi dei deler husstand med ein som er stadfesta smitta, likevel kan overnatta i fritidseigedom i ein annan kommunen i perioden den smitta er i isolasjon.

Det er også lov å gjera strengt naudsynt vedlikehald eller tilsyn som er nødvendig for å unngå store materielle skader.