Tre prosent: Omlag 330 kommunar, deriblant Bjørnafjorden, kan måtta gje frå seg tre prosent av sine dosar, mot at dei prioriterte områda får 20 prosent ekstra.

Regjeringa går inn for prioritering: Bjørnafjorden kan få færre vaksinedosar

Regjeringa vil følgja FHIs forslag om å prioritera fleire vaksinedosar til område med høgt smittetrykk.

Det skriv VG tysdag ettermiddag.

Områda som ifølgje FHI no kan få fleire vaksinedosar er: Oslo-bydelane Stovner, Grorud, Bjerke, Alna, Gamle Oslo og Søndre Nordstrand og kommunane Lørenskog, Sarpsborg, Fredrikstad og Moss.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei ekstra dosane vil FHI henta frå dei om lag 330 kommunane eller bydelane med færrast innlagte, sa helseminister Bent Høie (H) på regjeringas pressekonferanse tysdag ettermiddag.

Dei 330 kommunane skal, ifølgje FHI, ha hatt færre enn fire innleggingar i aldersgruppa 45 -75 år det siste halvåret. Desse kommunane, og deriblant Bjørnafjorden, kan måtta gje frå seg tre prosent av sine dosar, mot at dei prioriterte områda får 20 prosent ekstra, skriv VG.

Ei slik fordeling vil likevel ikkje vera aktuell før Noreg får fleire vaksinar.

– Dei fleste vaksinedosane som vert sende ut dei komande vekene går nemleg til å setja dose 2 på personar over heile landet som har fått første dose. Ei eventuell endring vil difor først vera aktuell når vi skal auka vaksineringa med dose 1. Og det vil først vera i midten av mars, seier direktør i FHI, Camilla Stoltenberg.

Det er samstundes opplyst at FHI skal undersøkja om ei slik fordeling er lovleg.