Må følgja med: Kommunane blir bedne om å følgje utviklinga i smittesituasjonen og justere tiltaksnivået i tråd med utviklinga. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Regjeringa innfører grønt nivå på vidaregåande skular

Det blir slutt på undervisning på raudt nivå på vidaregåande skular og i vaksenopplæringa.

Kommunane blir bedne om å følgje utviklinga i smittesituasjonen og justere tiltaksnivået i tråd med utviklinga, heiter det i tiltaka som regjeringa kom med torsdag kveld.

Barnehagar og skular må ha beredskap for rask overgang til strengare tiltaksnivå, blir det påpeika.