Råd: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (t.h.) tek til orde for at nytt, uavhengig råd skal løysa floken med å fastsetja lakseprisar som skal leggjast til grunn for grunnrenteskatten.

Står fast på grunnrenteskatt – vil ha uavhengig organ for å fastsetja laksepris

Regjeringa vil løysa opp i usemja med næringa om pris på laks ved å setja ned eit uavhengig råd. Forslaget blir lunkent motteke.

Oppdrettsnæringa har bede om at heile grunnrenteskatten må utsetjast. Det krev meir tid å få på plass ein god modell, lyder argumenta. Men utspelet vart fredag blankt avvist av finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Grunnrenteskatten vil bli innført frå årsskiftet, som planlagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sånn blir det, sa Vedum etter eit møte med bransjeorganisasjonane for sjømatnæringa fredag.

Uavhengig råd skal setja lakseprisen

Den såkalla normprisen har møtt stor motstand i næringa. Denne prisen blir lagd til grunn når bedrifta skal skattleggjast.

Normprisen er knytt til ein spotpris på børs, men er ikkje nødvendigvis den same prisen som selskapa betaler for fisken. Dermed meiner selskapa at dei risikerer å betala meir skatt enn dei eigentleg skal.

No foreslår Vedum ei løysing: Eit uavhengig normprisorgan skal setja prisen.

– Det har vorte sett spørsmålsteikn ved om det er dei reelle prisane som blir lagde til grunn. Der kan eit normprisråd bidra til å gi tryggleik om at det er rette prisar som blir brukte, seier Vedum.

Han har tru på at løysinga vil bidra til semje om prissettinga.

– Dei får eit veldig stort datagrunnlag. Dei får meldt inn alle kontraktar, så dei får veldig god oversikt, seier Vedum.

Les også
— Det ser bekmørkt ut
Les også
Lakseskatten er nok et hån mot distriktsnorge

– Skal unngå skattetilpassing

Når kontraktar blir inngåtte mellom uavhengige partar, er det kontraktsprisen som blir lagd til grunn. Men mange selskap har heile verdikjeda internt i eige system. Dei har ikkje berre fiskemerdar, men foredlar også fisken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Formålet med å bruka normpris i staden for prisen selskapa faktisk sel han for, er at regjeringa fryktar skattetilpassing. Det er fordi mange lakseselskap sel laksen til andre selskap innanfor same konsern som foredlar han vidare.

– Det har heile tida vore klart at prisen må vera reell og spegla ein uavhengig marknadspris. For at grunnrenteskatten skal verka etter hensikta, må det gjelda overskotet i bransjen, seier finansministeren.

Vedum og fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) møtte fredag formiddag bransjeorganisasjonane Sjømat Norge og Sjømatbedriftene. Dei fem største oppdrettsselskapa var også inviterte til møtet, men takka nei.

Les også
Slik reagerer ordføraren på regjeringas forslag om ekstraskatt på laks og kraft
Les også
Fleire opposisjonsparti positive til lakseskatt

Sjømatorganisasjonar: Byråkratisk og krevjande

Styreleiar Paul Birger Torgnes i Sjømat Norge kallar det eit «betydeleg steg i riktig retning» at næringa fekk direkte og eksplisitt beskjed om at det er reell pris som skal leggjast til grunn. Men om modellen det no blir lagt opp til, er den rette, vil han sjå nærare på.

– Den omgåande kommentaren min er at det blir krevjande med den modellen dei har for å koma fram til reell pris. Det finst andre løysingar, seier han.

Ordninga kan bli både byråkratisk og vanskeleg, meiner administrerande direktør Robert Eriksson i Sjømatbedriftene.

– Det er ingen ovasjonar og ståande applaus frå oss, seier han.

Les også
NHO om skattepakken: – Dramatisk

Vil ha islandsk modell

Dei to bransjeorganisasjonane er også skuffa over at regjeringa nektar å utsetja skatten. Grunnrenteskatten skal tre i kraft frå 1. januar, medan høyringsfristen går ut 4. januar. Deretter må departementet behandla høyringsinnspel, det skal skrivast ein proposisjon og så skal denne behandlast i Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det betyr at det går over eit halvt år utan at ein veit korleis regelverket skal bli, seier Torgnes.

Les også
Støre vil henta inn milliardar med ekstraskatt på laks og kraft

Sjømat Noreg vil heller at regjeringa ser til Islands avgiftssystem for laks enn å innføra grunnrenteskatt. Selskapa betaler allereie produksjonsavgift, som i stor grad kjem havbrukskommunane til gode.

– Det finst modellar for skatt som er meir tilpassa industrien, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark.

Møtte pressa: Lakseskatten var tema då bransjeorganisasjonane for sjømatnæringa møtte hos Finansdepartementet fredag. Robert Eriksson, administrerande direktør i Sjømatbedriftene, Geir Ove Ystmark, Sjømat Norge, Paul Birger Torgnes, styreleiar i Sjømat Norge, fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) møtte pressa etter samtalane.