Nytta overstig risikoen: – Det er avgrensa kunnskap om dette, men FHI meiner nytta truleg overstig risikoen hos eldre, seier helseminister Bent Høie.

Regjeringa tilrår tredje dose til eldre. Slik skal kommunane prioritera i vaksineringa denne hausten

Eldre nordmenn blir tilrådde å ta ein oppfriskingsdose med koronavaksine når det har gått minst seks månader sidan andre vaksinedose, seier helseministeren.

Helseminister Bent Høie (H) presiserer at det er snakk om ein oppfriskingsdose med Pfizer-vaksinen, som det europeiske legemiddelverket EMA har godkjent til dette formålet.

Det er aldersgruppa 85 år og oppover, og dessutan sjukeheimsbebuarar, som blir først prioriterte. Deretter dei frå 75–84 år, og deretter dei på 65–74 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er avgrensa kunnskap om dette, men FHI meiner nytta truleg overstig risikoen hos eldre. Det kjem mellom anna av at eldre er meir utsette for alvorleg sjukdom, og at det er lengst sidan dei vart fullvaksinerte, seier Høie.

Han seier han håpar ein tredje dose vil gi forlengt vern og betre vern mot nye koronavariantar.

Ekstra dose for Janssen-vaksinerte

Høie kunngjorde samtidig at dei som har vorte vaksinerte med Janssen-vaksinen, får tilbod om ein ekstra dose med mRNA-vaksinane Pfizer eller Moderna.

Dette fordi dei som er vaksinert med Janssen-vaksinen, som berre er éin dose, ser ut til å ha svakare vern mot koronaviruset enn dei som har teke to dosar med Pfizer eller Moderna.

– Dei som ønskjer å ta ein ekstra dose med mRNA-vaksine, kan ta kontakt med vaksinasjonstilbodet i kommunen dei oppheld seg i, seier Høie.

Det er i overkant av 4.000 personar i Noreg som er registrert vaksinert med Janssen-vaksinen i Nasjonalt vaksinasjonsregister, SYSVAK.

Les også
Berre fire av ti vil ta influensavaksine: - Det er openbert kunnskapsmangel om vaksinar i befolkninga

– Prioritér uvaksinerte

Regjeringa meiner kommunane har god vaksinasjonskapasitet og har bede dei om å ha beredskap for å kunna tilby oppfriskingsdosar.

Dersom dei har utfordringar med kapasiteten når dei samtidig skal vaksinera mot sesonginfluensa i dei neste vekene, skal dei prioritera etter denne rekkjefølgja:

Artikkelen held fram under annonsen.

1: Første dose til uvaksinerte

2: Andre dose til dei som berre er vaksinert med éin dose

3: Tredje dose til immunsupprimerte

4: Sesonginfluensavaksine

5: Oppfriskingsdose til sjukeheimsbebuarar og alle over 65 år

– Oppfriskingsvaksinasjon mot covid-19 må ikkje gå på kostnad av influensavaksinasjon. Det er viktig å ta influensavaksine fordi vi ventar kraftigare utbrot av influensa denne sesongen. Eldre har auka risiko for alvorleg utvikling av influensa, påpeikar Høie.

Alle over 18

Den norske tilrådinga er meir snever enn det europeiske legemiddelverket EMAs. Dei ber land om òg å vurdera å gi tredjedose til alle mellom 18 og 55 år.

Fleire land har byrja å tilby oppfriskingsdosar. 3,2 millionar israelarar er vaksinerte med boosterdose. Danmark tilbyr tredje dose til sjukeheimsbebuarar, og dei vurderer òg å tilby det til eldre og risikogruppene. Sverige tilrår oppfriskingsdose til personar over 80 år og sjukeheimsbebuarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noreg har tidlegare opna for ein tredje vaksinedose til folk med nedsett immunforsvar.