Tiltaka held fram: Statsminister Erna Solberg fortalde tysdag ettermiddag at tiltaka som regjeringa sette inn for snart to veker sidan, vil halda fram til etter påske.

Regjeringa vidarefører alle koronatiltak

Skular og barnehagar vert stengt til over påske.

På ein pressekonferanse tysdag ettermiddag, fortalte statminister Erna Solberg at regjeringa vidarefører alle tiltak som vart sett i verk i samband med koronapandemien 12. mars.

– Tiltaka, og den felles innsatsen vår, vert viktig også i vekene framover. Dei er heilt avgjerande for kor raskt smitta spreiar seg, difor bed vi om at tiltaka vert vidareførte til 13. april, sa statsministeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før tiltaka vart sett i verk, rekna ein med at kvar enkelt person, som hadde fått påvist korona, smitta i snitt 2,4 personar. Målet til regjeringa er at personar med påvist smitte skal smitta maks éin annan.

– Om ein hadde halde fram utan tiltak, ville svært mange personar ha vorte smitta, og helsetenestene i landet ha vorte overbelasta, sa Solberg.

Statsministeren la til at det vil framleis gå ei tid før ein ser den fulle effekten av tiltaka som vart sette i verk 12. mars. Først då kan ein vurdera om tiltaka har vore for svake, for sterke og om dei kan mjukast opp i tida som kjem.

Solberg ved gjekk at konsekvensane av tiltaka er store. Samstundes var ho klar på at kampen mot viruset må halda fram. Lukkast vi, kan ein letta på tiltaka.

– Målet er å ta kvardagen vår tilbake, sa ho og la til:

– Det vert nye veker med sterke avgrensingar på liva våre, men vi gjer dette for alle vi er glade i og for at dei skal få behalda liva sine. Det er ei uverkeleg tid, som skapar frykt og uro, men som òg får fram det beste i oss, sa statsministeren og trekte fram mellom anna fram evna vår til å gleda andre.

– Hald to meters avstand innandørs

Helse- og omsorgsminister Bent Høie var også til stades på pressekonferansen. Han sa at smittetala ser ut til å vera stabile, og at dette kan vera eit teikn på at tiltaka verkar, men det er for tidleg å konkludera enno. Difor vert altså tiltaka vidareførte.

Høie oppmoda folk om å halda fram med å vaska hendene godt, hosta i olbogen og å halda avstand. Reglane for karantene og isolasjon vert også oppretthalde. Til liks med stenging av barnehagar, skular og universitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg sa helse- og omsorgsministeren at ein bør ha minst to meters avstand til kvarandre når ein er innandørs, og at ein ikkje bør vera meir enn fem personar i ei gruppe utandørs. Dette gjeld ikkje folk som er i familie eller bur saman.

– Målet vårt er at kvar person som vert smitta ikkje skal smitta meir enn éin annan person, maks. Lukkast vi med det, vil vi vinna tid, tid til å forbetra behandlinga, til å utvikla enklare testar til så mange som mogleg, og til å tileigna oss meir kunnskap, mellom anna ved å hausta erfaringar frå andre land, påpeika Høie.