Vêr: Det vil regna godt utover torsdag og natt til fredag.

Regn med regn... og sterk vind

Desembervêret viser seg langt meir hissig enn dei rolege, klare dagane me hadde i november. I dag blir det mykje nedbør og kuling i ytre strøk.

– Dagen startar med bygevêr, før det går over til jamt med nedbør utover ettermiddag, kveld torsdag. Også natt til fredag blir det ein del nedbør. I enkelte strøk, fare for flaum, seier meteorolog ved meteorologisk institutt i Bergen, Lars Andreas Selberg.

I Bergen sør-området reknar dei med kring 50-70 mm nedbør frå i ettermiddag av til ut på morgonkvisten fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når det gjeld den sterke vinden som er meldt, så vil den treffa sterkast i ytre strøk på nordvestlandet, men også her vil me merka det godt.

– Det blir kuling utover dagen i dag. Vinden kjem frå sørvest, så han treffer følgjeleg hardast langs kysten, seier Selberg.

Vêr: Kanskje blir det kvit nedbør på laurdag.

Fare (håp) for snø

Når det kjem til morgondagen, fredag vil det løya godt.

– Då vil det vera mindre vind og mindre nedbør. Litt bygevêr må ein likevel rekna med, seier meteorologen.

– Og for helga. Korleis ser det ut for dei som skal ha julemarknad i Os?

– Temperaturane vil synka godt inn mot helga. Snøgrensa vil også synka. Fredag venter me snø ned mot 500-600 meters grense. Laurdag blir det noko lågare. Kanskje blir det snø også i låglandet, seier meteorolog Selberg.