Napp: Politiet fekk dugeleg med napp på Halhjemsvegen tysdag. Her frå ein tidlegare kontroll.

Rekordfangst på Halhjemsvegen tysdag morgon

Også i Industrivegen var politiet på ferde.

Klokka 8.32 tysdag stilte politiet seg opp for ein trafikkontroll i 50-sona i Industrivegen.

Her vart resultatet eitt forenkla førelegg der farten var 56 km/t.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 9.24 gjekk turen vidare til Halhjemsvegen og laserkontroll i 70-sona. Og her vart fangsten av eit heilt anna slag.

Politiet skreiv ut heile 15 forenkla førelegg der høgste fart var 91 km/t.

Éin av desse 15 vart meld for fart, men vedkomande vedtok ikkje førelegget.