Testkø: Kommunens teststasjonar er oppbemanna for å ta unna pågangen. Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes

Rekordhøgt smittetal sist veke: 71 personar fekk påvist covid-19

I tillegg er det registrert 11 positive hurtigtestar.

Det blei registrert heile 71 nye smitta (PCR-testar ved teststasjonen) i Bjørnafjorden kommune i veka som gjekk.

I tillegg er det registrert 11 positive hurtigtestar, som ventar på å bli bekrefta med PCR-test.

Dette er det høgaste talet på smittetilfelle som er registrert i Bjørnafjorden kommune i løpet av ei veke.

Det opplyser kommunen på si heimeside.

Dei smitta er:

* 17 born og unge, i alderen 0 til 17 år.

* 54 vaksne (over 18 år).

36 av dei smitta er fullvaksinerte, fem delvis vaksinerte og 30 uvaksinerte.

Minst 70 prosent har kjend smitteveg.

Risikonivå 2

Kommuneoverlegen vurderer det slik at vi no er på risikonivå 2 – middels risiko.

Kommuneoverlege Klaus Melf fortel at det er høge smittetal, men at ingen er alvorleg sjuke og dermed heller ingen innlagde.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi har heller ingen utbrot i institusjonar, men vi har auka sjukefråvær i fleire tenester (helse, barnehage, skule) og stort press på tenestene.

Kommunen følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordna anbefalingar og tiltak.

Les også
Nye forskrifter i Bjørnafjorden: Restaurantane må registrera gjester med namn og nummer
Les også
Klarsignal for koronasertifikat for vaksinerte og dei med negativ test

Lokale tiltak

Bjørnafjorden har hatt tett samordning med bergensregionen dei siste vekene og begge har innført lokal smittevernforskrift.

Forskrifta gjeld frå og med måndag 22. november til og med måndag 20. desember 2021.

Det er i tillegg ei sterk anbefaling om å bruka munnbind der det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand.

Tilsette i helseinstitusjonar skal nytta munnbind ved pleie og nærkontakt med pasientar. Besøkande er òg sterkt oppfordra om å bruka munnbind.

Det er auka pågang på teststasjonane, som er oppbemanna.

Det vert jobba med å auka testinga i Eikelandsosen frå 2 til 3 gonger per veke. Det er også oppretta fleire hentestader for hurtigtestar.

Les også
Tek grep: – Dersom vi vil ha smittetala ned, må vi leggja til rette for at folk testar seg
Les også
Har stengt småbarnsavdeling på grunn av koronasmitte