Viktig utstyr: Trond Hope agerte kjapt då han høyrde at hjartestartaren på Kuventræ var stolen.

Trond Hope og Rema 1000 Kuven fiksa ny hjartestartar

Trond Hope og butikken hans på Kuven var ikkje seine med å hjelpa då Os Turn vart fråstole hjartestartaren måndag.

Alt tysdag, då saka vart omtala i lokale medium, bestemte butikkdrivaren seg for at Rema 1000 Kuven, skulle spandera ny på idrettslaget på Kuventræ.

Les også
Hjarteskjerande tjuveri: — Her snakkar me om utstyr som kan redda liv

– Det er for dumt at folk driv og stel livsviktig utstyr som dette. Eg skjønar ikkje kven som har interesse av å stela slikt, men om det er for spenninga si skuld, bør dei i alle høve ikkje leika med det. Då kan det bli hjartestansar i staden for hjartestartar, åtvarar Hope.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har alt bestilt den nye hjartestartaren.

– Eg har prata med Røde Kors. Inntil den nye er på veg, skal Os Turn få låna eit låneapparat, fortel Hope.

Han håper idrettsforeininga og fotballen på Kuventræ finn ein måte dei kan sikra at ikkje også denne hjartestartaren vert stolen.