På pressekonferansen søndag: Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad på pressekonferansen om koronasituasjonen søndag kveld.

Ropstad: – Er du usikker på om du bør testa deg, så gå og test deg

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) ber alle som har milde symptom om å testa seg.

– Du kan utgjera ein forskjell. Vi er heilt avhengige av at kvar enkelt følgjer alle råda og reglane, for det er berre slik vi kan få kontroll på smitten, sa Ropstad på pressekonferansen til regjeringa søndag kveld.

Han la vekt på kor viktig det er å testa seg, sjølv om ein berre har milde symptom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleire kommunar melder no at folk har symptom i fleire dagar før dei testar seg. Mange tenkjer at det berre er ei heilt vanleg forkjøling.

– Det er slik at koronaviruset ser svært ulikt ut hos ulike menneske. Det er derfor veldig viktig at du testar deg, sjølv om du berre har veldig milde symptom. Elles risikerer du å spreia smitten vidare til folk som kan bli svært sjuke, sa Ropstad.

Han sa at den korte beskjeden er enkel:

– Er du usikker på om du bør testa deg, så gå og test deg.

Han oppmoda òg folk om å bruka den oppdaterte versjonen av smittesportingsappen Smittestopp.

– Det kan spara enormt viktig tid for helsepersonell som er pressa den kommande tida, sa Ropstad.