Utrykking: Politiet og brannvesenet rykte ut fredag kveld til Søfteland skule.

Røykdykkarar sløkte branntilløp: Mistanke om påtenning inne på toalettet

Brannalarmen på Søfteland skule blei løyst ut fredag kveld.

Fredag klokka 20.24 fekk politiet melding om at brannalarmen hadde blitt utløyst på Søfteland skule. Brannvesenet og politiet rykte ut. To minutt etter at politiet fekk inn melding, hadde røykdykkarar frå brannvesenet sløkt branntilløpet.

— Det blei oppretta sak på forholdet, då det er mistanke om at eit tøystykke, mogleg saueskinn, skal vera forsøkt tent på inne på toalettet, opplyser politioverbetjent Christine J. Grindstein i ein e-post.