Illustrasjonsbilete.

Røykutvikling i bustad på Halhjem

Brannvesenet har rykt ut etter melding om røykutvikling i bustad.

Både politi og brannvesen melder om mykje røyk og/eller brann i eit hus i Mardalsrenen på Halhjem.

Meldinga kom i 20-tida torsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nødetatar er på veg til staden, står det på Twitter litt over klokka åtte.

OPPDATERT: Bjørnafjorden brann og redning, ved innsatsleiar Espen Storum, opplyser om at det blei slått full alarm. Då dei kom til staden var det ein del svart røyk.

— Det har ikkje vore brann i bygningen. Vi har førebels ikkje fullstendig oversikt, men matlaging skal vera årsaka. Det har vore ein del røyk inne i bygget, fortel han.