Høyrer ikkje heime: I Nordrevågen på Lepsøy ser det slik ut.

Ryddeaksjonen er utsett, men bosset ligg der og kan plukkast likevel

Dette biletet frå Nordrevågen viser korleis det ser ut nokre stader i kommunen. – Sjølv om strandryddeveka er utsett, må ein gjerne gjera ein innsats for miljøet no, seier ordførar Trine Lindborg.

For ei tid tilbake var Marie Bruarøy i Nordrevågen og tok nokre bilete av korleis det ser ut der. Bruarøy har sjølv vore svært aktiv under strandryddeveka tidlegare, og er engasjert i kampen mot plastforureining i havet.

Nett i år, får verken Bruarøy eller andre i Bjørnafjorden ta del i strandryddeveka i starten av mai. Denne er utsett til hausten grunna koronapandemien. Men det er ikkje dermed sagt at ein ikkje kan rydda langs sjøen, turstiar, i nabolaget eller til fjells.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den nasjonale kampanjen, styrt av Hold Norge Rent, er utsett til hausten. Det er mange som er ute og går tur og nyt godvêret vi har hatt no. Eg vil oppmoda folk til å lata det gå litt sport i det, ved at ein tek med seg ein pose å plukka i om ein går no til fjells, i marka eller langs sjøen, seier ordførar Trine Lindborg og held fram:

– Men ein må sjølvsagt tenkja smitteverntiltak når ein er ute, og ikkje samlast i store grupper.

Vidare fortel Lindborg at dei som vil engasjera seg, kan ta kontakt med Os Rotary Klubb. Dei deler ut bossekkar og arbeidshanskar, og gir nærmare informasjon om området, sikkerheitsreglar og korleis ryddinga skal gå føre seg. Dette gjeld på begge sider av fjorden.