Stoppa ung førar: Politiet stoppa onsdag kveld ein ung bilførar. Han er mistenkt for køyring i rusa tilstand. Foto: Benjamin Søgnen Olsen Foto: Arkiv

Rykte ut etter fleire meldingar om stygg køyring: Ung man mistenkt for køyring i rusa tilstand

Onsdag kveld rykte politiet ut og fekk stansa ein ung sjåfør.

Det var kring klokka 20 onsdag kveld at ein bilførar blei stoppa på Osvegen.

— Vi fekk fleire meldingar om farleg køyring som gjekk på same bil. Patruljen rykte ut og fekk stansa ein ung førar, som ikkje kan ha hatt lappen i lang tid. Ved kontroll av føraren, blei det mistenkt at vedkomande var ruspåverka. Han blei teken med til legevakt for blodprøve. Førarkortet blei mellombels beslaglagt, opplyser politioverbetjent, Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.