Ulukke: Kl 16.21 meldte politiet på Twitter om ei trafikkulukke på Hatvikvegen.

Rykte ut etter melding om ulukke

Politiet fekk melding laurdag ettermiddag.

Kl 16.21 meldte politiet på Twitter om ei trafikkulukke på Hatvikvegen.

Ein bil og ein MC skal ha vore involverte. Føraren av MCen var vaken og bevisst etter ulukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naudetatane rykte ut til ulukkesstaden.

Trafikken går som normalt i området.

Tidlegare laurdag ettermiddag meldte politiet om ein laus hest i området Berge/Moldegaard.

Ein meldar fekk kontroll på hesten, og politiet bad om tips dersom nokon kjende til hesten.

Like før kl 17 melder politiet at det er kontroll på situasjonen.

– Politiet har kome i kontakt med ryttar som var ute med hesten. Ho er uskadd, skriv dei på Twitter.