Inga festkøyring: Politiet rykte ut, men fann at alt var ok i sjøen utanfor Kysthospitalet i Hagavik.

Rykte ut til ransalarm og festkøyring med båt

Men då politiet kom til staden fann dei verken noko ran eller båtkøyring.

Fredag kveld like før klokka 22 gjekk ransalarmen på ein daglegvarebutikk nord for Os sentrum.

Politipatruljen rykte ut, men det viste seg å vera falsk alarm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag kveld klokka 23.30, fekk politiet melding om festing og båtkøyring av unge personar ved Kysthospitalet i Hagavik

Politipatruljen rykte igjen ut, men såg inga båtkøyring og alt framstod heilt ok.

Søndag ettermiddag vart det gjennomført kontroll med fritidsbåtar i Os og omegn.

Her var det ingen reaksjonar frå politiets side.