Forsvunne: Milli forsvann fredag morgon. Eigar er fortvila og håpar at nokon har sett hunden ved Hegglandsdalsvegen.

Sakna hund: — Ho har aldri stukke av før

Eigar av Milli er fortvila etter at hunden stakk av fredag morgon.

— Vi har vore i heile Hegglandsdalen og skrike namnet hennar, fortel eigar Inga Martūzaitė.

Milli er chippa, og høyrer til i Hegglandsdalsvegen 288A.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var klokka 07.30 i dag tidleg at hunden stakk av.

— Ho er glad i å gå utanfor huset. Plutseleg var ho borte. Det var mørkt ute og ho er ein liten, kvit hund. Det har aldri skjedd før at ho har stukke. Ho er berre eit halvt år gammal, fortel Inga.