Mista to dokker: Tre redningsdokker blei kasta til havs under ei øving. Berre éi kom til rette.

Saknar to redningsdokker etter øving

Tre redningsdokker blei kasta til havs i samband med redningsøving i Bjørnafjorden/Korsfjorden. To av dei er framleis sakna.

Onsdag kveld fekk politiet melding frå Hovudredningsselskapet (HRS) om at ei øving i regi av Kystvakta og redningsselskapet blei gjennomført i området Trollsøya.

— I samband med øvinga, blei tre dokker i oransje kjeledressar tekne i bruk og kasta til havs. Etter enda øving var to av dokkene sakna, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dokkene er merkt med KV Bergen. Det skal ha blitt gjort søk utan resultat.

Onsdag kveld opplyste Vest politidistrikt om hendinga på Twitter. Dette til informasjon om nokon skulle finna dokkene på rek eller i fjøresteinane.