Dei ansvarlege: Alexander Riis (f.v.), Sara Kvamme og Alma Vermedal er ansvarlege for Moldova-aksjonen på Fusa vidaregåande skule. Her i lag med Hans Bjørn Bakketeig.

Samarbeider om innsamling. Håpar næringslivet tek godt i mot elevane

Hadde kick off på skulen onsdag.

Onsdag hadde Hans Bjørn Bakketeig og Fusa vidaregåande skule kick off for årets Moldova-aksjon.

– Bakketeig viste med stort engasjement kva arbeidet I care Norway gjer i Moldova, fortel sosialrådgjevar ved skulen, Kristine Hjartnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

I september hadde skulen eit samarbeidsmøte med Bakketeig, Os gymnas og Os videregåande skule. Målet var å skapa eit tett samarbeid rundt Moldova-aksjonen.

Les også
Svært stor dag for Hans Bjørn Bakketeig: — Eg er rett og slett litt mållaus nett no

13. januar har Os vidaregåande og Fusa vidaregåande sine årlege Moldova-dagar, der elevane jobbar for å samla inn pengar til aksjonen. Os gymnas hadde sin aksjon 19. desember.

– Me håpar at næringslivet tek godt i mot elevane som ønskjer å jobba for å samla inn pengar til aksjonen. Me oppfordrar også andre som ønskjer å hjelpa synshemma i Moldova, til å bidra, seier Hjartnes.

Les også
Her held Hans Bjørn eit av sine totalt 30 foredrag denne veka
Les også
— At dei vidaregåande skulane er med meg vidare, betyr alt