Assistanse: Ei anna ferje skal ha kome til for å assistera.

«Bømlo» fekk motortrøbbel like etter avgang frå Sandvikvåg til Halhjem

Hovedredningssentralen fekk melding om motortrøbbelet klokka 1925.

Fyrste melding frå Hovudredningssentralen Sør gjekk på at ei redningskøyte var på veg for å hjelpa ferja inn til land att.

Når Os & Fusaposten snakkar med vakthavande like før kl 20, opplyser han at det kan sjå ut til at ferja har kome seg til land att for eiga maskin. Han kan ikkje bekrefta eller avkrefta om ferja har vore nedi botnen på noko tidspunkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det var ingen dramatikk. Og det er ikkje meldt om personskader, opplyser vakthavande.

Det skal heller ikkje vera skader på bilar.

Vedkomande som har teke lesarbiletet for Os & Fusaposten var sjåfør på den siste traileren som ikkje kom med «Bømlo» for motorstoppen.

Frå kaien kunne sjåføren høyra eit smell, før han såg at ferja vart «drivande rundt» ei lita stund. Ei anna ferje skal ha kome til for å assistera.

Ein passasjer om bord som har teke kontakt med avisa, stadfestar at ferja gjekk på grunn under motorstoppen. Ho meiner det burde kome betre og raskare informasjon til passasjerane om bord.

Torghatten Nord opplyser på heimesida si tysdag kveld at to av kveldens avgangar vart kansellerte. Det var avgangen klokka 2010 og klokka 2100 frå Sandvikvåg.

Også onsdag vil fergestrekningen bare kjøre med fire ferger, mot normalt fem, seier administrerande direktør Torkild Torkildsen til BA.

Torkildsen stadfestar til same avis at ferja var borti ei grunne og at ei anna ferje kom til for å hjelpa før «Bømlo» kom seg til kai att for eiga maskin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dykkkarar skal sjekka skadane onsdag.