Seks køyrde for fort, og ein blei tatt for mobilbruk i løpet av éin time

Onsdag kveld var det mange bilistar som ikkje følgde trafikkreglane.

Politiet hadde onsdag kveld trafikkontroll på Skeisflaten på Nore Neset. Der skal dei ha stått i ein time. I 50-sonen var det seks bilistar som fekk eit forenkla førelegg, og høgst fart registrert, var 68 km/t. I tillegg til dette fekk ein bilist eit gebyr for mobilbruk.

— Seinare onsdag kveld, var politiet i Strønevegen i ein times tid for å kontrollera bilistar der. Der var det to sjåførar som fekk eit forenkla førelegg, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Atle Birkeland.