Trailer: Skatteetaten får melding om manglande betaling for ein trailer.

Sende rapport til Skatteetaten etter kontroll

70 tunge køyretøy vart sjekka på Svegatjørn tysdag kveld.

I fylgje Statens vegvesen var alt ok på køyre- og kviletid denne gongen.

Eit køyretøy fekk teknisk mangel grunna feil med bremselys, og eit anna på grunn av feil med markeringslys.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart dessutan sendt ein rapport til Skatteetaten for manglande vektårsavgift for å dra tilhengar.

Vektårsavgift skal betalast to gonger i året for registrerte køyretøy med tillaten totalvekt på 7.500 kilo eller meir.