Avtale: Bjørnafjorden kommune har avtale om koronavaksinasjon med fire apotek i kommunen.

Senkar aldersgrensa for koronavaksine på apoteket

Tidlegare har vaksine på apoteket berre vore eit tilbod for dei over 18 år.

No blir dette tilgjengeleg for alle over 12 år. Det opplyste kommunen på sine heimesider torsdag.

– Mange skal utanlands på ferie i sommar, og treng koronasertifikat ved innreise. Koronasertifikatet viser om du har fått koronavaksine og/eller har fått påvist og registrert korona med PCR-test. Krava til koronasertifikatet kan variera frå land til land, så det er viktig at du undersøkjer kva som gjeld før avreise, skriv kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette gir gyldig koronasertifikat (helsenorge.no)

Bjørnafjorden kommune har avtale om koronavaksinasjon med fire apotek i kommunen. Ved apoteka kan ein velja mellom fleire dagar og tidspunkt.

– Alle personar over 12 år kan få vaksine på apoteka, med unntak av dei som skal ha ein femte dose på grunn av alvorleg sjukdom, presiserer kommunen.