Stoppa: Sjåføren stoppa så snart han kunne då han merka at noko var gale.

Sjåføren merka sjølv at noko var gale

Det eine dekket på ein semitrailer eksploderte under køyring.

Onsdag ettermiddag og kveld gjennomførte Statens vegvesen trafikkontroll. Dei starta dagen på Halhjem og flytta seg sidan til Hjellemarka. Totalt kontrollerte dei om lag 15 tunge køyretøy.

Dei fleste dei kontrollerte, hadde alt i orden, men det blei funne lysfeil i tre tilfelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg hjelpte vegvesenet politiet.

— Politiet fekk tips om feil med dekk på eit vogntog. Det viste seg at det eine dekket på semitraileren hadde eksplodert. Sjåføren merka sjølv dette, og stoppa på første moglege plass, opplyser vegvesenet i ei pressemelding.

Vogntoget fekk bruksforbod fram til dekket vart byta.