Trafikkontroll: UP gjennomførte trafikkontroll ved Eventus Borgafjeløø barnehage (tidlegare Borgafjell barnehage) onsdag ettermiddag.

Sjokkerande tal: 16 bøtelagde for å køyra for fort – rett forbi ein barnehage

– Dette var midt på dagen, medan det er barn i barnehagen også. Dette er ikkje bra, seier politioverbetjent, Anne Lyssand.

Trafikkontrollen blei gjennomført ved Eventus Borgafjell barnehage ved Hegglandsdalsvegen. Utrykkingspolitiet (UP) starta kvart over tolv onsdag ettermiddag.

– Det står ikkje kor mange dei kontrollerte, men det er altså 16 bilistar som har fått bot. Alle vedtok på staden. Høgaste fart målt, var 68 km/t. Det er 50 km/t som er fartsgrensa på staden, seier Lyssand og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er veldig uheldig. Det er utruleg bra at UP-patruljen vel å prioritera å ha kontroll ved barnehagen. Dei som fekk bot må skjerpa seg. Dei må tenkja over kvar dei køyrer og halda fartsgrensa.