Sende ut melding: Rektor ved Os barneskule, Laila Aarbakke, er blant leiarane som torsdag sende ut e-post til foreldre om å snakka med borna om sosiale medium og aldersgrenser.

Sjølvmordsvideo sirkulerer i sosiale medium: Rektor bed foreldre snakka med borna

Ein video av ein mann som tek sitt eige liv er blitt spreidd i ulike sosiale medium, og er sett av mange — til og med born på barneskulen.

— Tysdag fekk vi mail frå kommunen sentralt. Torsdag oppmoda vi foreldre til å snakka med born om aldersgrensa på sosiale medium, og om denne videoen som mange elevar har sett og er opprørte over, fortel rektor ved Os barneskule, Laila Aarbakke.

Videoen som er utspringet til denne meldinga, skal ha blitt lagt ut på Tik Tok, men skal også vera spreidd i andre sosiale medium etter kvart. Aldersgrensa på Tik Tok er 13 år, men ei undersøking utført av Medietilsynet, viser at 40 prosent av norske 9-10-åringer er på Tik Tok.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Denne videoen er heller ikkje noko 13-åringar skal sitja og sjå på. Men problemet er at ein kan sitja og sjå på noko som ein trur er heilt uskuldig. Så er det ikkje det. Born kan sitja og sjå på YouTube på folk som speler valdelege spel. Det finst mange ulike mogelegheiter som ikkje eg har oversikt over, seier Aarbakke.

Rektoren seier at det er viktig at vaksne held seg oppdaterte på kva som rører seg i dei ulike sosiale medium, og at ein følgjer aldersgrensene som er sett.

— Eg trur også at det er noko i det å stå saman som foreldre. "Alle har”, eller "alle andre får” er klassiske påstandar som også eg prøvde meg på. Eg hugsar at det ikkje fungerte så godt heime hos meg, men hos andre gjorde det gjerne det. Vi må vera tydelege vaksne og snakke om utfordringar, seier Aarbakke.

— Kva tenkjer du om foreldre som let born som er under aldersgrensa få lov til å bruka sosiale medium?

— Eg vil ikkje dømma nokon. Eg vil sterkt oppmoda foreldre til ikkje å la barna få bruka sosiale medium når dei ikkje er gamle nok. Born skal ha noko å sjå fram til også. Noko å gleda seg til. Tydelege vaksne har alltid gagna born.