Ulukke: Ein bil hamna i bekken natt til måndag. Illustrasjonsfoto.

Skal ha køyrd utfor grunna ku som låg i vegbanen

Hamna i bekken etter å ha blitt overraska av den liggjande kua.

I 01-tida måndag rykte politiet ut til Gåssandvegen, der ein mann i 20-åra køyrde bilen i bekken.

— Bilen hamna på taket utanfor vegbanen — i bekken. Det er opplyst at ei ku låg i vegbanen og at han måtte gjera ein manøver for ikkje å køyra på kua, fortel politioverbetjent, Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Bil køyrde utfor og hamna i elv

Det kjem ikkje fram av loggen om kua var på staden då politiet kom dit.

— Føraren opplyser å ha hamna utanfor vegbanen med hjula på eine sida. På staden er det slik at om ein har fått hjulet på feil sida, så skal det ikkje mykje til for at ein veltar over, seier Birkeland.

Det er oppretta sak. Han som køyrde bilen, skal ha fått mindre skader etter å ha køyrd utfor.