Opprettar sak: Politiet har oppretta sak etter hendinga natt til søndag.

Skal ha prøvd å køyra ned fotgjengar på fortauet etter krangel

Hendinga skal ha skjedd på strekninga Ulven-Halhjem natt til søndag.

Like før klokka tre natt til søndag fekk politiet melding om at ein sjåfør i 30-åra skal ha prøvd å køyra ned ein mann i 20-åra som gjekk på eit fortau mellom Ulven og Halhjem.

Bergens Tidende melder at sjåføren vart arrestert for ruskøyring og forsøk på kroppsskade.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen personar vart skadde i hendinga. Saka er no under etterforsking.

Politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon opplyser til BT at det er sprikande forklaringar, men at ingen førebels er avhøyrt.

Det skal ha vore ei usemje mellom dei to i forkant. I følgje BA er dei to mennene i slekt.

Køyrde utan førarkort

Laurdag ettermiddag fekk politiet melding om ein ung gut som var fråteken førarkortet, men som stadig køyrde utan førarkort.

Politiet følgjer opp saka vidare.

Påkøyrd katt

Laurdag morgon i åtte-tida fekk politiet melding om ein påkøyrd katt like etter Liafjelltunellen i retning Halhjem.

Politiet kom til staden kort tid etter, men ingen katt var å sjå.