(
(

Skal ha vore ufin med politi og lege etter å ha køyrd i grøfta

Ein mann frå Fusa er mistenkt for køyring i påverka tilstand.

Fredag kveld hamna ein bil utfor Fusavegen. Bilførar, ein i 40-åra, skal ha vore på staden då politiet kom.

– Det kom ein del vitne til etter kvart, som hadde fått med seg køyringa. Det var mistanke om promillekøyring. Mannen blei teken hand om av politiet, men han klarte ikkje å oppføra seg. Det skal ha blitt utført vald mot offentlege tenestemenn, i dette tilfellet politi og lege, fortel lensmann Terje Sperrevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter avhøyr neste dag, blei mannen dimittert.

– Han erkjente køyring i rusa tilstand og vald mot offentlege tenestemenn.