Stephen King har seld over 300 millionar bøker verda over. Filmen André Øvredal no skal regissera er basert på «The Long Walk» som kom ut i 1979.
Stephen King har seld over 300 millionar bøker verda over. Filmen André Øvredal no skal regissera er basert på «The Long Walk» som kom ut i 1979.

Skal laga film av Stephen King-klassikar

André Øvredal har vore besatt av Stephen King sidan tenåra. No skal osingen laga film av ein av suksessforfattarens aller fyrste romanar.

Stephen King har seld over 300 millionar bøker verda over. Filmen Øvredal no skal regissera er basert på «The Long Walk» som kom ut i 1979.

Eit av Hollywoods største filmselskap, New Line Cinema, skal produsera filmen, som handlar om ein gjeng tenåringsguta somr blir med i eit årleg løp der alle som ikkje klarer å springa over sju kilometer i timen, blir skutt. Vinnaren får det han ønskjer for resten av livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- For to år sidan var det to personar som skreiv på Twitter om The Autopsy of Jane Doe. Den eine var Guillermo Del Toro, som eg utruleg nok har fått jobba med dei to siste åra (i «Scary Stories to Tell in the Dark», red.anm.). Den andre var Stephen King. Eg har vore besatt av King sidan tenåra og no skal eg regisera ein av hans aller fyrste bøker. Audmjuk og livredd for å mislukkast, skriv Øvredal på Facebook.

«Scary Stories to Tell in the Dark» får forøvrig USA-premiere 9. august.

jostein@osogfusa.no