Gjengen bak: Dei fem bak Skaparstovo er Marte Lene Klafstad, Vidar Bratlund-Mæland, Gerhard Just-Olsen, Daniel Lloyd Klafstad og Ørjan Setvik.

Skaparstovo vil etablera makerspace i Bjørnafjorden og jaktar på lokale

Målet for Skaparstovo er å «bidra med ein moderne maskinpark som kan gjera Bjørnafjorden endå meir attraktiv for alt frå gründarar og skular til privatpersonar».

Dei fem bak Skaparstovo er Marte Lene Klafstad, Vidar Bratlund-Mæland, Gerhard Just-Olsen, Daniel Lloyd Klafstad og Ørjan Setvik.

– Vi jobbar no for å få til eit makerspace for Bjørnafjorden. Ein stad der digital og analog skaparkraft kan møtast og læra av kvarandre. Her ønskjer vi gründarar, hobbyistar og skaparar velkomne til å bruka våre maskiner som medlem. Vi vil tilby kurs i trygg bruk av maskinene, kodekurs, sykurs, cosplay, kostymelaging og mykje meir, heiter det i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Budsjett: Vil etablera Makerspace eller “moderne sløyd” i Bjørnafjorden

Skaparstovo er for tida i oppstartsfasen og jaktar på lokale, og også økonomisk støtte og meir utstyr til den eksisterande maskinparken. Dei har så langt utstyr som 3D-printarar, silketrykkmaskin, varmepresser, vinylskjerar og platekuttar til bokbinderi.

Skaparstovo har allerede fått 50.000 i støtte og ser no på høva for å få inn lokale sponsorar og midlar frå fond.

- Me brenn veldig for dette og gler oss til å koma i gang, skriv dei fem.