Gjorde alt rett: - Den smitta eleven har gjort alt rett, og gjekk i karantene med ein gong beskjeden om ein smitta nærkontakt kom, fortel assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Skuleelev ved Os barneskule har fått påvist Covid-19 - klasstrinn i karantene

Klassetrinn og lærarar er i karantene i 10 dagar.

Ein 12-år gamal elev ved 7. trinn ved Os barneskule fekk fredag påvist Covid-19. Elevane og lærane på trinnet til eleven er no i karantene i 10 dagar.

Alle nærkontaktar skal vera varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal ikkje vera grunn til å tru at elevane ved dei andre trinna ved skulen har vore utsette for smitte i dette tilfellet.

Dei andre elevane kan difor gå på skulen som vanleg.

Les også
Har starta smittesporing frå Osbadet

Eleven som er smitta har ingen symptom, men blei testa på grunn av nærkontakt med smitta personar i ein annan kommune.

- Den smitta eleven har gjort alt rett, og gjekk i karantene med ein gong beskjeden om ein smitta nærkontakt kom, fortel assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Dette var det 24. bekrefta smittetilfellet av covid-19 i Bjørnafjorden kommune sidan mars 2020.

Det er berre elevane på 7. trinn som er i karantene, ikkje dei andre i husstanden. Dei aktuelle elevane treng ikkje testa seg før dei eventuelt utviklar symptom på luftvegsinfeksjon, men må uansett halda seg i karantene heile perioden. Elevane vil få heimeundervisning medan dei er i karantene, opplyser kommunen på sine heimesider.