Fokus på Hatvikvegen: Politiet har hatt fokus på Hatvikvegen i helga. Det har resultert i fleire førelegg.

Skulle nå ferja: – Heldig som ikkje mista førarkortet

Det har i helga kome fleire klager på køyringa på Hatvikvegen. Politiet har vore i området.

– Det har vore klager om køyringa på Hatvikvegen og i Hegglandsdalen. I helga var det Hatvikvegen som fekk fokus frå vår side. Fredag klokka halv to blei det stansa ein bil. Føraren hadde ikkje gyldig førarkort og er meldt for dette, fortel politioverbetjent, Atle Birkeland.

Fleire skal også ha fått bøter for køyringa si på Hatvikvegen i helga. Éin skal ha vore heldig som ikkje mista førarkortet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har samtala med dei som var på vakt. Det blei delt ut fleire bøter. Ein sjåfør sa han skulle nå ferja. Vedkomande skal ha køyrd svært fort. Han var heldig, då politiet ikkje fekk høgare måling på han enn det vi fekk. Det blei med ei bot, fortel Birkeland.