Då er store og små innan næring i bjørnafjordregionen inviterte til konferanse i Oseana, fortel næringskonsulent Jon Sivert Rykkel og næringssjef i Os kommune, Elin Bryn Thorsen.
Då er store og små innan næring i bjørnafjordregionen inviterte til konferanse i Oseana, fortel næringskonsulent Jon Sivert Rykkel og næringssjef i Os kommune, Elin Bryn Thorsen.

Slår på stortromma: – Vi håpar dette vil pirra næringslivet i heile Bjørnafjord-regionen

Det blir stjernespekka i Oseana når «Saman om vekst» går av stabelen 5. november.

Arne Hjeltnes skal leia Bjørnafjordkonferansen. Kari Traa, Ingebrigt Steen Jensen, Jannicke Hilland og Mons Ivar Mjelde kjem for å halda foredrag – for å nemna nokre.

– Det er attraktive foredragshaldarar og eit spanande program med eit svært aktuelt tema. Vi håpar at store og små verksemder vil sjå dette som ein verdifull møteplass på tvers av sektorar og generasjonar, som dei ønskjer å ta del i. Målet er at alle deltakarar skal bli inspirerte til å sjå moglegheitane som finst i regionen, læra av andre, skapa nettverk og ikkje minst bli motiverte til å sjå mot framtida saman, seier næringssjef i Os kommune, Elin Bryn Thorsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalt panel i «sofapraten»

Saman om vekst er hovudtema for konferansen, og verksemder frå Os, Fusa, Tysnes, Samnanger og Austevoll er inviterte. Os og Fusa kommunar står bak, saman med Bjørnafjorden Næringsråd.

– I tillegg til kjende namn som foredragshaldarar, vil vi ha ein sofa på scenen. Der vil ein få møta eit lokalt panel i det vi har vald å kalla sofapraten. Det vil vera leiarar i godt etablerte verksemder, og unge spirer som vil slå av ein prat om korleis dei ser føre seg at Bjørnafjordregionen kan verka, og kva moglegheiter dei meiner framtida kan bringa, seier næringskonsulent, Jon Sivert Rykkel.

Har fått støtte frå fylkeskommunen

Dette prosjektet er noko som er blitt jobba med i lang tid.

– Det var det første eg blei presentert då eg starta i jobben som næringssjef, fortel Thorsen.

Hordaland fylkeskommune har innvilga 400.000 kroner til prosjektet. Rykkel fortel at det ikkje dermed er sagt at dei kjem til å blåsa heile det beløpet i denne omgang.

– Vi ønskjer at Bjørnafjorden Næringskonferanse vil kunna bli ein årleg konferanse. Det er viktig å få fram kva som lever og ånder i regionen vår, og vi ser dette som ein ypparleg måte å gjera det på, seier han.

Fjordfondet, som blir delt ut av Bjørnafjorden Næringsråd, vil i år bli delt ut på konferansen. Det vil bli ein søknadsprosess i forkant, fortel Rykkel og legg til:

– Det vil etter konferansen også bli lagt opp til ei samling utover kvelden med noko mat og drikke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to håpar og trur at konferansen vil vera av interesse og at det er ønske om å vidareføra han i komande år.

– Vi håper dette vil pirra næringslivet i heile Bjørnafjord-regionen.