politi: N/A

Slåsting, knekt tann og brot i ribbein

Det gjekk hardt for seg på Lepsøy natt til søndag

Klokka 04.53 måtte betjenter frå Os lensmannskontor rykkja ut til Lepsøy etter melding om slåsting. Ein aggressiv mann gjekk laus på fleire personar og mannen vart hanka inn og teken med i arresten.

Ifølgje lensmannskontoret vart tre personar skadd. Meldingane går på ei knekt tann, lause tenner, mogleg brot i ribbein og skadar i ein fot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen personar vart sendt med ambulanse. Turen gjekk i staden til legevakta.