Osfest har ifølgje politiet gått fint føre seg. Nokre småhendingar må ein rekna med.
Osfest har ifølgje politiet gått fint føre seg. Nokre småhendingar må ein rekna med. Foto: Egil Blomsø

Slik oppsummerer politiet Osfest-helga

– Alt i alt har Osfest gått fint føre seg. Det har vore nokre småhendingar, men det vil det alltid vera i samband med slike arrangement, seier politibetjent Kjetil Hansen.

Tre personar fekk natt til søndag pålegg om å forlata Os sentrum. Alle gjorde som politiet sa.

Den første episoden fann stad klokka 02.36. Ein godt berusa og kverulerande kar i 20-åra fekk beskjed om å avslutta festen og gå heim. Det same skjedde klokka 04.14. Denne gongen var det ein mann i 30-åra som fekk pålegg om å forlata Os sentrum. I mellomtida, klokka 03.50, trefte politipatruljen ein mann i 50-åra, som viste fing til patruljen i det dei køyrde forbi.

– Mannen vert meldt for forulemping av offentleg tenestemenn, og vart beden om å forlata Os sentrum, noko han, ifølgje loggen, gjorde, opplyser Hansen.

Vidare klokka 04.09 vart det meldt om festbråk frå ein båt i Os hamn. Båtgjestene vart bedne om å dempa seg og å avslutta festen, noko dei ifølgje politiet gjorde.

Trafikkuhell på Lekven

Tidlegare på dagen, klokka 16.39, fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Lekven. Politi og brannvesen rykte ut.

– Det var ei som hadde vore uheldig då ho skulle parkera. Det var ingen politisak, seier politibetjenten.

Klokka 1 i natt kom det dessutan melding til politi og brannvesen om eit kommelokk i Industrivegen som på grunn av mykje vatn var byrja å bevega på seg. Meldinga vart sendt vidare til Os kommune.