Varaordførar Marie Bruarøy og ordførar Terje Søviknes ønskjer ikkje å kommentera Nils-Anders Nøttseter sitt lesarbrev.
Varaordførar Marie Bruarøy og ordførar Terje Søviknes ønskjer ikkje å kommentera Nils-Anders Nøttseter sitt lesarbrev.

Slik reagerer ordførarane på det krasse lesarbrevet

Verken Terje Søviknes eller Marie Bruarøy ønskjer å kommentera utspelet til Nils-Anders Nøttseter.

I eit lesarbrev spør Nils-Anders Nøttseter om dei to og Gustav Bahus kan heva seg over grunnlova. Han skriv også om tilsette som fryktar for å lika feil innlegg i sosiale medium, eller kommentera eller dela feil innhald, då dette kan få konsekvensar for dei på arbeidsplassen. Nøttseter kjem også med påstandar om maktmisbruk, rolleblanding og utilbørleg press på tilsette i kommunen – frå nemnde partar.

– Framfor å kommentera innlegget til Nøttseter, vel eg å ta til meg innhaldet i det konstruktive innlegget til hovudtillitsvald Åse Gjerde, seier ein ordknapp Marie Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Terje Søviknes vil heller ikkje uttala seg.

– Eg vil ikkje svara på dette, seier han og viser til dei etiske retningslinjene i Os kommune.

– Der finn ein informasjon om korleis dette blir handtert i Os kommune.