Trur det blir godt: – Vi trur det blir godt for elevane å kome tilbake til skulen, og med gode smitteverntiltak vil vi gjera alt vi kan for at dette skal bli trygt for elevar og tilsette, skriv kommunalsjef Line Rye og fagsjef Per Olav Sørås i eit brev som er gått ut til dei føresette.

Slik vert skulekvardagen i Bjørnafjorden når borna kjem attende

Måndag 27. april opnar skulane i Bjørnafjorden kommune for 1. til 4. trinn og SFO.

– Vi trur det blir godt for elevane å koma tilbake til skulen, og med gode smitteverntiltak, vil vi gjera alt vi kan for at dette skal bli trygt for elevar og tilsette, skriv kommunalsjef Line Rye og fagsjef Per Olav Sørås i eit brev som er gått ut til dei føresette.

I brevet er først dei tre hovudpunkta i rettleiaren frå Utdanningsdirektoratet lista opp; Sjuke personar skal ikkje vera på skulen, god hygiene og redusert kontakt mellom personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lista over tiltak

Kommunen har også lista opp kva som blir annleis i skulekvardagen etter gjenopninga;

Mindre elevgrupper med færre nærkontaktar

Auka reinhald og fokus på smittevern.

– Vi har laga gode rutinar for reinhald av lokale, reinhald av kontaktpunkt og reinhald på uteområda, skriv Rye og Sørås..

Smittevernlegen tilrår at maten blir pakka inn i matpapir, slik at ein unngår å flytta matboksar mellom heim og skule.

– Alle elevar må ha ete frukost før dei kjem til skulen og SFO, vert det påpeika.

Elevane skal møta opp på avtalt stad ute. Føresette skal helst ikkje bli med inn på skulen.

Det blir lagt opp til at undervisninga kan gå føre seg ute.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elevar og vaksne med symptom på luftvegsinfeksjon, må ikkje møta på skulen. Dette gjeld òg levering og henting, understrekar Rye og Sørås.

SFO vil følgja dei opningstidene som er bestemt i kommunale og lokale vedtekter, og både på skulen og SFO skal elevane delast inn i faste grupper.

– Den faste samansettinga av gruppa er det viktigaste smitteverntiltaket, skriv skuleleiarane.

Det kan også bli aktuelt med friminutt til ulike tidspunkt for dei ulike gruppene. For å imøtekoma smittevernråda også i garderobesituasjonen, er det lagt opp til at tilsette følgjer elevane puljevis i garderoben.

– Må sjølv ta ansvar for opplæringa

Norsk barnelegeforening meiner at dei aller fleste born med kroniske sjukdomar kan og bør gå i barnehage og skule. Behandlande lege skal, ifølgje kommunen, vurdera om barnet kan vera på skulen.

I brevet vert det påpeika at føresette som vel å halda barna heime utan at det, etter rettleiaren frå Utdanningsdirektoratet, er grunn for det, sjølve må ta ansvar for opplæringa av eigne barn.

– Hovudregelen er at alle born og unge har rett og plikt til grunnskuleopplæring, påpeikar Rye og Sørås.

– Unngå skuleskyss om mogleg

Kommunen oppmodar om at ein unngår skuleskyss og offentleg transport om det er mogleg. Elevar som har innvilga skuleskyss vil få dette tilbodet, men oppmodinga er at føresette køyrer eigne born.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom elevar tar skulebuss, må dei hugsa å halda god avstand, både medan dei ventar på bussen og inne i bussen. Det same gjeld dersom elevar nyttar annan transport til skulen, vert det påpeika.