Hadde kontroll tysdag: - Dette var ikkje bra. Slike førarar er det bra vi får stoppa, skriv vegvesenet i ei pressemelding.

– Slike lastebilførarar er det bra vi får stoppa

Statens vegvesen har hatt kontroll på Halhjem tysdag.

Hovedfokus i kontrollen var på vinterutrustning, vekt, køyre- og kviletid og generell trafikktryggleik.

28 køyretøy vart kontrollerte. Sju av desse vart plukka ut for full kontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein førar fekk 500 kroner i gebyr for manglande vognkort. Ein førar fekk bruksforbod for manglande vognkort på utanlandsk tilhengar. Her måtte det dokumenterast råderett får vidare køyring.

Fire førarar blei kontrollerte for køyre- og kviletid. Her blei det gitt til saman sju åtvaringar for brot på køyre- og kviletidsreglementet.

– Ein førar vil bli politimeldt for sju forhold og fekk seks åtvaringar for gjentatte brot på køyre- og kviletidsreglementet. Dette var ikkje bra. Slike førarar er det bra vi får stoppa, skriv vegvesenet i ei pressemelding.