Obs på symptom: Var du innom Apotek 1 på Amfi Os tysdag ettermiddag?

Smittesporing: Var du på Apotek 1 på Amfi Os sist tysdag?

Kommuneoverlege Klaus Melf ber publikum ha låg terskel for å testa seg.

Ein kunde ved Apotek 1 på Amfi Os (apoteket i andre etasje) har seinare fått påvist covid-19.

Apoteket har svært gode smittevernrutinar, og risikoen for smitte er derfor låg.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Men dersom du var innom apoteket tysdag 13. april frå klokka 12 og utover ettermiddagen, skal du vere ekstra merksam på eventuelle symptom og ha låg terskel for å teste deg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.