Snø: Snøen skapar trøbbel på fylkesveg 579 mellom Hegglandsdalen og Bjørkheim.

Snøtrøbbel og fastkøyrde bilar på Hegglandsdalsvegen

Vegen mellom Bjørkheim og Hegglandsdalen er no stengt ved Hisdal, men open i retning frå Os.

Vegtrafikksentralen melder på Twitter at fleire bilar har satt seg fast på FV 579 mellom Bjørkheim og Hegglandsdalen.

For eit kvarter sidan varsla dei at vegen er stengd frå Hisdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Entreprenørar melder også at brøytebilar slit med å koma seg fram på grunn av mykje trafikk og smal veg. Entreprenøran køyrer frå Samnanger for å stoppa trafikken som vil inn på FV 579.

Vegen forblir open i retning frå Os.

— Mange vel å køyra denne vegen for å unngå Trengereid, men der er det full stans no, seier vakthavande.